NORDHORDLAND FOLKEHØGSKOLE
  • hjem
  • Blogg
  • Tilbake til hjemmesiden

blogg frem til 9 november 2020

Hyttetur med dansegjengen

9/13/2020

 
Picture
Vi starta veka på mandag med rektors time, vasking og leve saman/ allsang time. Men grunna avreise til Fanahytta dagen etter, gjekk mykje av mandagen også med til pakking. På tysdag var alle saman spente og klare for klassetur men dansegjengen. Minibussen hadde avreise fra skuleplassen kl 09.30, og bagasjen vart plassert i alle smutthull ein kunne bruke. Turen til hytta tok ca 45 min, og stemninga var på topp heile vegen. Høgtalaren spelte nostalgisk musikk som alle saman kunne synge for full hals til. Når vi kom fra blei vi møtt av ei kjempestor og fin hytte. Vi byrja å pakke ut å gjere klart på fire store rom, før vi spiste deilige vaflar i stua saman med lunsjen vi pakka med oss før vi reiste. Etter dette delte vi oss litt opp, der nokon spelte spel, andre baka, medan nokre gjekk ein svært våt tur i regnet. På kvelden vart det diska opp til rollemiddag, og taco stod på menyen. Då vi var ferdige å ete hadde kvar gruppe lage ein hyttesang som dei framførte i all sin prakt, som førte til latter i stort omfang. På onsdagen drog vi ut på ein ny tur etter frukost. Været var ikkje akuratt det beste med mykje regn og vind, så alle saman var klissvåte og kalde når ein kom fram igjen på hytta. Men tross det dårlige været var stemninga god gjennom heile turen. På kvelden var det diska opp til kyllinggryte og andre kjekke aktivitetar som stol-leiken, «lage dans som er utanfor komfortsona» og film. På torsdag gjekk dagen ut på å pakke på formiddagen, før vi grilla pølser og hadde skikkelig bålkos på haugen ved sia av hytta. Fredagen gjekk med til valfag, og «endelig fredag» arrangert av Sport and Outdoor. På laurdag hadde vi ein veldig interessant temadag med det dagsaktuelle temaet «flyktningar» der vi fekk høyre to sterke historier frå to menn som sjølv var flyktninga, og kom seg til Noreg. Fotoklassen her på skulen hadde laurdagskvelden laga til eit forrykande elevshow som vi alle saman synstest var knallbra. Søndagen gjekk for det meste til chilling slik dei fleste søndagar på folkehøgskule gjer. Takker for ei nydeleg veke på den beste skulen!

Comments are closed.

    Arkivet

    November 2020
    October 2020
    September 2020
    August 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    December 2019
    November 2019
    October 2019
    September 2019
    August 2019
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    February 2019
    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017
    September 2016

    Kategorier

    All
    All
    Danselinjen
    Exercise
    Felles-for-alle-linjer
    FotoGlobal
    Global Active
    Global Extreme
    Musikal Linjene
    Scene-studio-stream
    Sport & Outdoor
    Xchange

    RSS Feed

Vi ønsker deg velkommen  som søker til vår skole!


Åpningstid kontor:

08.00-15.15

Adresse:

Nordhordland Folkehøgskole
Holtermandsvegen 3
5918 Frekhaug

Telefon

56174300

Email

skolen@online.no

  • hjem
  • Blogg
  • Tilbake til hjemmesiden